Bokmelding: Torstein Hole
Forskingsbasert om helsekompetanse
Michael 2025; 22: 80–81
doi: 10.5617/michael.12124
.jpg)
Sølvi Helseth, Kjell Sverre Pettersen og Astrid K. Wahl, red.
Helsekompetanse: teori, forskning og praksis
Bergen: Fagbokforlaget, 2024
296 s.
ISBN 978-82-450-4342-6
Helsekompetanse er den offisielle omsettinga av det engelske omgrepet health literacy, og denne boka er den første i sitt slag i Noreg. Boka har som mål å femne breitt og vere til nytte både for studentar, forskarar, helsepersonell og helseleiarar. 34 forfattarar har bidratt i 26 kapittel. Dei fleste har forskarkompetanse og er med i det norske nettverket for forsking på helsekompetanse: HELINOR.
Boka er delt inn i fire delar med 5–10 kapittel: Introduksjon til helsekompetanse som fagfelt; Helsekompetanse i et mangfoldig samfunn; Intervensjoner og tiltak for å fremme helsekompetanse; Helsetjenestevennlige helsetjenester og utdanning.
Redaktørane har gjort eit godt arbeid med å få boka til å framstå som ein heilskap med så mange forfattarar. Det er lite gjentakingar og språket er godt, slik at det alt i alt er ei rimeleg lettlesen bok. Ho ber preg av at det er forskarar som er forfattarar, med vekt på eit forskingsbasert kunnskapsgrunnlag og kunnskapsstatus innan dei ulike temaa.
Del ein er av meir overordna karakter, og denne bør lesast av dei fleste. Dei ti kapitla i del to vil nok i ulik grad vere av interesse ut frå eigen bakgrunn og fagfelt. Del tre omtaler intervensjonar, og her er det presentert nokre rammeverk med tilhøyrande døme. Del fire omtaler institusjonell helsekompetanse, helsekommunikasjon, tillit, utdanningsinstitusjonar og helsekompetanse samt helsekompetanse og humanistisk translasjonsforsking. Det siste er eit kort kapittel som eg oppfattar som ei lita perle i boka, og det gir eit godt grunnlag for refleksjon over eigen praksis og verdiar.
Forfattarane får godt fram helsekompetanse som eit multidimensjonal, sosiokulturelt, kontekstavhengig og tverrfagleg omgrep. Dette gir lesaren fleire perspektiv og fremjar refleksjon rundt dei mange temaa som er omtalte. Dei viser samstundes kor nær helsekompetanse er knytt til brukarmedverknad og samval. Kor viktig helsekompetanse kan vere for framtidig berekraft i helsetenestene, er uventa lite omtalt.
Det er lite konkrete råd i boka, men heller døme på kva som har fungert eller kan fungere av tiltak på dei ulike områda som vert omtalt. Som klinikar og forskar opplever eg dette som både styrke og svakheit. Ein blir i dei mange kapitla ført inn i kunnskapsgrunnlag og kunnskapsfronten på ein god måte. Som klinikar kunne eg nok ønske meg at eg oftare fekk oppsummert kva som er effektivt eller ikkje i å fremje helsekompetanse både på individnivå og institusjonsnivå. Sidan dette er tema som er nær knytt til helsepedagogikk og helsekommunikasjon, og som ligg utanfor kjernen til boka, så skjønar eg dei vala som er gjort. Men det gjer nok likevel boka litt mindre tilgjengeleg for klinikarar. Den klare styrken til boka på dette feltet er del fire som handlar om helsetenestevenlege helsetenester og utdanning, og som i større grad gjev tilrådingar, og knyter praksis opp mot verdiar og helsepolitiske føringar.
Eg meiner boka fyller mange av intensjonane som er uttrykt i føreordet og vil vere nyttig for målgruppene.
Torstein Hole er overlege ved hjarteseksjonen, Ålesund sjukehus, og professor II ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.