Bjørnar Hassel
28. Skjebnefullt gann frå forsmådd dronning
Michael 2024; 21: Supplement 33: 198–200.
doi:10.5617/michael.11725
Eit ungt islendinge-par giftar seg. Han er eit framifrå høvdingemne, ho er den flottaste jenta der ikring. Men dei finn snart ut at samlivet ikkje er lett. Bak lurar den norske kongemakta.
Njåls soge, den flottaste av islendingesogene, vert innleia med at Hrut og Unn vert trulova (1). Men før han stiftar familie, vil Hrut ut i verda og vinna ry. Han dreg til Noreg, til kong Harald Gråfell og gjeng i teneste hjå han. Etter ein vinter hjå kongen og fleire storverk dreg Hrut attende til Island. Så held paret bryllaup. På festen er Unn dyster. Etter kort tids samliv syner det seg at det unge paret ikkje kan ha samleie, og etter kvart skil Unn seg frå Hrut. Kva ligg bak?
Soga fortel at noko hende der aust medan Hrut tenestegjorde hjå kongen. Han trefte kongsmora, dronning Gunnhild, enka etter Eirik Blodøks. Snorre skildrar Gunnhild som «ei utifrå fager kvinne, klok og trollkunnig, gladmælt, men innful og hardhjarta» (2). Ho var farleg mellom anna av di ho skulle ha lært ganning av samar (figur 1).
Gunnhild likar Hrut overmåte godt, og dei er elskarar vinteren igjennom. Når Hrut utpå våren byrjar lengta heim til Island, spør Gunnhild om han har ei jente som ventar på han der. Hrut er unnvikande og svarar nei. Gunnhild skjønar han lyg. Såra av di Hrut ikkje er ærleg, mullar ho: «Eg skyt det gann i deg at du ikkje skal kunne liggja med den jenta du har på Island» (1).
Gannet har vore gjengjeve så uklårt opp gjennom århundra at det har vore vrient å tyda. Me kunne tru det formidla ereksjonssvikt. Men Unn fortel oss kva det gjeld: «Straks han kjem innpå meg, blir lemen hans så stor at han ikkje kan koma nokon veg med meg» (1). Hrut sin penis er for stor! Og me anar, slik andre har gjort før oss (3): Unn har skjedekrampe, vaginisme.
Skjedekrampe skuldast i regelen at huda innanfor dei ytre kjønnsleppene er særs smertefull ved berøring av di smerteførande nerveendar ikkje er dekte av epitel. Difor vert dei lett aktiverte og utløyser ein spasme i bekkenbotn-musklane som lukkar skjedeinngangen. Er det av di ho anar dette at Unn er nedstemd i bryllaupet sitt? Skjedekrampe kan òg ha psykologiske årsaker. Er Unn ikkje glad for Hrut? Eller har ho hatt traumatiske seksuelle erfaringar så ho ottast den komande nærleiken?
For Unn og Hrut må det ha vore greitt å skulda på Gunnhild. Vanskane deira fekk ein eigen glans av at dronninga sto bak. Skjønt kanskje er Gunnhild si ganning berre funne på av sogeskrivaren som ei eggjande innleiing på forteljinga? At ho, kongsdotter og dronning, skulle ganna, er tvilsamt. Eller ville sogeskrivaren, katolsk som han var, syne følgjene av å bryta Guds bod, særleg dei om løgn og hor, og korleis slikt måtte føre til brot på femte bodet: du skal ikkje drepa? Skjedekrampen og all ufreden den forårsakar, fører til mange drap, mellom andre på Islands fremste folk, Gunnar på Lidarende og Bergtora og Njål på Bergtorskvål.
Litteratur:
Njålssoga. Oslo: Det norske samlaget, 1965. https://www.nb.no/items/6a68f9b4ddced54ff72ae7df7c0193ce?page=0 (25.5.2024).
Sturluson S. Soga om Harald Hårfagre. I: Noregs kongesoger. Første delen. Oslo: Det norske samlaget, 1979: 49–78. https://www.nb.no/items/URN:NBN:no-nb_digibok_2021062448691?page=95 (25.5.2024).
Høyersten JG. Personlighet og avvik. En studie i islendingesagaenes menneskebilde med særlig vekt på Njála. Psykiatrisk institutt, avd. Haukeland sykehus, Universitetet i Bergen 1998:102. https://www.nb.no/items/4497d73d478144e5c6a68929e1b375ec?page=103&searchText=vaginisme (lest 25.5.2024).
bjornar.hassel@medisin.uio.no
Avdeling for nevrohabilitering
Oslo universitetssjukehus, Ullevål
og
Universitetet i Oslo
Bjørnar Hassel er professor i nevrohabilitering ved Universitetet i Oslo og overlækjar ved Avdeling for nevrohabilitering, Oslo universitetssjukehus.