Bokmelding: Mette Løkeland-Stai

Livmora fortener si eiga bok

358-359

Michael 2024; 21: 358–359

doi:10.5617/michael.11672

Leah Hazard

Livmoren

Oslo: Gyldendal, 2024

332 s.

ISBN 9788205555464

I motsetnad til organ som hjarte og lever som vi ikkje kan leva utan, så kan ein fint leva utan livmor, men sjølve menneskeheita kan ikkje leva utan ho. Og det er vel ein grunn til at livmora er eit av dei meir politisk kontrollerte organa i verdshistoria. Fertiliteten er trass alt grunnlaget for sjølve livet. Det har vore lite kontroll på sæden, men kvinna sin fertilitet og den gravide kvinna er framleis lagt under kontroll på ein eller annan måte i dei fleste land.

Forfattaren Leah Hazard er journalist frå Harvard, men etter sine eigne fødslar utdanna ho seg til jordmor, og jobbar no i National Health Service i Skottland. Frå før har ho skrive boka Hard pushed: a midwife’s story og har vorte ein hyppig brukt kommentator om kvinnehelse i Storbritannia. Den norske undertittelen på boka er Kvinnekroppens spektakulære og mest misforståtte organ, medan hennar eigen er The inside story of where we all began.

Innhaldet i boka bærer preg av at ho er jordmor. Ho skriv mest om reproduksjon og fødsel. Boka er ikkje skrive for fagfolk, men for kvinner flest, og vinkling og tema er difor også meir opne og spørjande, filosofiske og til dels kjenslesentrerte enn medisinen som regel er. Der har vi sikkert noko å læra av di pasientane gjerne har fleire og andre viktige tankar og ønskemål enn berre harde endepunkt. Det dukkar opp kuriosa som til dømes ein studie som viste at kvinner som vart hysterektomerte, var dårlegare på å orientere seg i omgivnadane. Om det er reproduserbart, vil no visa seg.

Kapitla i boka er inndelt i livmora som organ, mensen, befrukting, svangerskap, samantrekningar, fødsel, dødfødsel, keisarsnitt, postpartum, helse, menopause og hysterektomi. Boka avsluttar med kapitla reprocid og framtida. Mitt favorittkapittel er det om reprocid. Det er eit nyord for systematisk reproduktiv undertrykking, som til dømes tvangssterilisering. Mykje kjende eg jo frå før, men det er godt å verta minna om korleis vi som helsepersonell kan vera overgriparar både uvitande og med meir overlegg. Mange framsteg i medisinsk historie har vorte til gjennom overgrep. Som til dømes dr. James Marion Sims (1813–1883) utvikling av spekulum og operasjonsprosedyrar på kvinner i slaveri i USA. Han forsøkte rett nok å reparere dei og oppnådde ein varig plass i medisinsk historie, men som forfattaren skriv: «(…) tankene og ønskene til Lucy, Anarcha, Betsey og de andre kvinnene hvis kropper ble fikset og flådd under alles påsyn, ble aldri nedtegnet» (s. 254).

Som gynekolog sakna eg mitt eige favorittmysterium i korleis livmorhalsen og sjølve livmorkroppen heng saman som om dei var eitt organ, men har to vidt ulike funksjonar. I graviditeten skal livmora vera mjuk, tøyeleg og voksa for å romme og verne graviditeten, medan livmorhalsen skal verta fastare og oppføre seg som knuten på ballongen, for å sikre at graviditeten ikkje kjem deisande ut før det er klårt for fødsel. Når kroppen gir signal om fødsel, så skal livmorhalsen på ein måte viska ut seg sjølv ved å gå frå fire cm til null og opninga frå fire mm til ti cm slik at barnet kjem ut. Samtidig skal livmora trekke seg saman og skvise ut ungen(e). Det er djupt fascinerande og eitt av verdas mirakel.

Eg koste meg då eg las den. Livmora fortener si eiga bok.

Mette Løkeland-Stai

Mette Løkeland-Stai er ph.d. og overlege ved Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.