Bokmelding: John Nessa
Ikkje snø, men kvitleik
Michael 2023; 20: 239–40.
Jon Fosse
Kvitleik. Forteljing
Oslo: Samlaget, 2023
72 s.
ISBN 9 788 234 009 815
Som vanleg når eg les ei bok av Jon Fosse, stiller eg meg sjølv spørsmålet kva i all verda les eg no, og kva i all verda les eg om no? For det er ikkje alltid eintydig gitt kva Jon Fosse skriv om, og kva Jon Fosse vil formidle med det han skriv.
På overflata er det ei bok som er enkel å gripe, om ikkje enkel å begripe. Den er på 60–70 små sider, i nynorsk prosa, med ei samanhengande historie som eg oppfattar som ein slags draum, og som ein parabel over livet sjølv, slik det utfaldar seg for oss alle. Ein mann, eit «eg» køyrer av garde. Driven av keisemd har han trong til å røre på seg. Han køyrer tilfeldig til høgre eller venstre når han må velje veg, køyrer berre på, heilt til bilen står bom fast inne i skogen. Turen er irreversibel, han kan ikkje snu og køyre tilbake. Og når bilen står bom fast, byrjar han å gå. Utan mål og meining. Så byrjar det å snø. Så møter han kvitleiken med følge, som består av tre personar, mor, far og ein ansiktslaus dresskledd mann som eg oppfattar som eg-personen sjølv. Alle han møter er etter kvart berrføtte i snøen. Og det blir han etter kvart sjølv og, sjølv om han ikkje tar av seg skoa. Og alle går til slutt berrføtte ut i eit inkje og forsvinn, bortsett frå kvitleiken, «som no er det vi andar, frå sin kvitleik». Sagt på norsk: Alle døyr, bortsett frå kvitleiken, som er alt i alle.
Høyrest dette mystisk ut? Ja, det gjer vel det. Men det høyrest iallfall Heidegger-aktig ut i sin tale om tilværet, «væren», eksistensen vår, dei grunnleggande livsvilkåra våre, det faktum at vi alle er døyande og til slutt daude. Berrføtte kjem vi til verda, og berrføtte går vi herifrå. Og så handlar dette om Gud. Ikkje minst Gud, sjølv om han ikkje blir omtalt som det. For katolikken Jon Fosse kan ikkje snakke om Gud, sjølv om han er heilt sentral i denne teksten. Han har i ein annan samanheng gjort eit poeng av nettopp det, at Gud er ubegripeleg, lar seg ikkje setje på omgrep, men kan synast fram. Her syner han Gud fram som kvitleiken i skogen, etter modell av den brennande tornebusken i ørkenen, der Moses møtte Gud, ifølge 2. Mosebok kapittel tre.
Ja, Jon Fosse skriv rart. Han skriv heile vegen om det han ser og sansar som noko som både er og ikkje er. Ute i skogen er han omgitt av teikn og teiknprosessar han ikkje klarer å sortere. Kanskje er det mora mi, kanskje ikkje. Eg høyrer. Men det einaste eg kan høyre, er ingenting. Eg ser betre no. Men kor vart foreldra mine av? Stilla talar til meg. Men ei stille kan då vel ikkje tala? Det er berre ei røyst. Ho er der, det er ingen tvil om det, endå ho ikkje seier nokon ting. Jon Fosse påstår gjennom måten sin å skrive på, at verda finst (om nokon skulle tvile på det), men at den framstår når den kjem nær berre som noko som er mogeleg, unntatt i den augneblinken vi døyr. Då blir røynda direkte aktualisert, og teiknprosessen stoppar.
Ein kan gjerne seie at dette er ei bok fyrst og fremst om teikn. Ikkje minst tittelen tyder på det. Kvitleik er ikkje eit tilfeldig valt ord. Det kan sjølvsagt assosierast med snø, men er ikkje det. Det er først og fremst noko vi kan kalle ein kvalitet, utan referanse til noko som helst anna, ei sansing, ei stemning, det som i pragmatisk teiknteori blir omtalt som ikoniske teikn. Og tittelen peikar på alle dei ikoniske mogelegskapane livet byr på, på godt og vondt, det som enno ikkje er realisert, og som blir lukka med døden.
Stian Hole sitt bokomslag er svært vellukka. Det viser på ein praktfull måte kva som ventar oss når vi opnar boka.
Kva boka kostar, veit eg ingenting om. Men den er verdt prisen.
John N. Nessa er pensjonert fastlege i Hjelmeland og pensjonert førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen.