article

Bokmelding: Kristine Lillestøl

Engasjerande om framtidsmennesket

Michael 2021; 18: 242–3.

Sigrid Bratlie, Hallvard Kvale

Fremtidsmennesket. Hva den bioteknologiske revolusjonen betyr for deg

Oslo: Kagge Forlag, 2020

207 s.

ISBN 978-82-489-2610-8

Utviklinga av ny bioteknologi skjer i stor fart. Mykje godt har kome ut av det, og det er knytt stor spenning til alle dei potensielle mirakla vi kan ha i vente, til dømes når det gjeld behandling av arvelege sjukdomar. Men utviklinga tvingar også fram ei rekkje vanskelege etiske spørsmål.

Forfattarane meiner at vi no har nådd eit punkt der bioteknologien er i ferd med å endre sjølve «spelereglane» for livet. Med slik teknologi kan ein no «overstyre biologien». Grenser blir stadig kryssa eller flytta på, og ifølgje Bratlie og Kvale hastar det å kome på banen dersom ein ynskjer å vere med på å påverke diskusjonen og avgjerdene om kva for retningar utviklinga skal få ta. Men å ta stilling til slike kompliserte spørsmål utan å ha tilstrekkeleg grunnleggande kunnskap, er ikkje enkelt. Målet med boka er difor todelt: Å spreie kunnskap om «det utrolige maskineriet som menneskekroppen er», og samstundes engasjere lesaren til debatt om vegen vidare.

Boka har tre hovuddelar, som tematisk sett samlar seg rundt ulike livsfasar. I fyrste delen, Livets begynnelse, får vi innsikt i nokre av debattane som knyter seg til bruken og utviklinga av reproduksjonsteknologi. Vi får eit fascinerande – og tidvis litt skremmande – innblikk i korleis framtida kan bli. Andre delen, Midt i livet, famnar om eit vidt spekter av tema, frå meir kuriøse døme som gentestbasert nettdating, til alvorleg genetisk sjukdom og moglegheiter for å «hacke» og redigere biologien vår slik at vi kanskje kan unngå slike lidingar i framtida. Den tredje delen, Livets slutt, tek mellom anna føre seg kva aldring er biologisk sett, gode råd for sunn aldring, og korleis bioteknologi i framtida kanskje kan nyttast for å motverke aldring.

Jamnleg vender forfattarane seg direkte til lesaren med spørsmål som: Skal vi kunne velje kva for eigenskapar barn blir fødde med, også når det ikkje gjeld sjukdom? Kor mykje vil du eigentleg vite om genene dine og det som eventuelt måtte vente deg av sjukdom i framtida? Og kor gammal ynskjer du eigentleg å bli, dersom du kan velje fritt og alt er mogleg?

Forfattarane kjem sjeldan med eigne, bastante svar; i staden let dei lesaren tenkje sjølv. Undervegs gjer dei alt dei kan for å gje lesaren ei lettfatteleg, grunnleggande innføring i biologi og teknologi. Til dømes opnar fyrste kapittel med eit «kræsjkurs» i genetikk, og gjennom heile boka vekslar dei mellom slike korte «naturfagtimar» og å stille spørsmål som skal få lesaren til å stoppe opp og tenkje. Denne oppbygginga fungerer godt.

Noko av det mest imponerande er at forfattarane har greidd å gjere tungt og komplisert fagstoff så lettlese, fengjande og tidvis underhaldande. Dei greier å halde på lesaren gjennom heile teksten utan ein einaste illustrasjon. Derimot gjer dei flittig bruk av metaforar og andre språklege bilete, på ein måte som eigentleg er verd ein studie i seg sjølv.

Begge forfattarane er erfarne populærvitskapsformidlarar. Dei når i høgste grad målet om å spreie kunnskap om menneskekroppens maskineri, og dei gjer det på ein føredømeleg måte. Vonleg vil vi også sjå at dei lukkast med å nå det andre målet: Å engasjere til meir opplyst samfunnsdebatt om dei vegvala som vi alle må vere med på å ta. Ein føresetnad er at så mange som mogleg les boka, som med dette er tilrådd på det varmaste!

Kristine Lillestøl

Avdeling for medisinsk genetikk

Oslo universitetssykehus