article

Etterord

Helse og sjukdom som litterære verkemiddel

For meg, som før har lest mange omtalar av Duuns litteratur, og som nå har lest Duun på nytt med «dokterbriller», er det med lett forundring eg har registrert at litteraturvitarane har gått så lett over dei medisinske og helsemessige skildringane hos Duun, for fleire romanar er i stor grad basert på medisinske fenomen:

  • I «Marjane» er tuberkulosen hos ei tenåringsjente gjennomgangstema, og det er særleg tabuiseringa og skamma ved å ha denne sjukdommen som skaper mykje av dramatikken.

  • «På tvers» bygger på korleis ein funksjonshemma gut, og etter kvart ein ung mann, strevar for å bli akseptert og skape seg ei rolle i samfunnet, trass i funksjonshemminga.

  • Heile mysteriet i «Ettermæle» er basert på ein uønska graviditet og eit barn fødd i dølgsmål.

  • Oppbygginga av «Siste leveåret» er bygd på ein kommunikasjonssvikt mellom dokteren og Håkon, som er pasienten.

Dessutan blir ei rekke sjukdommar og ulike helseproblem sentrale vendepunkt i romanane, for eksempel desse:

  • Når Per Anders ligg i naustet Løssi Langnatt, får lungebetennelse og døyr. Dette utløyser ei rekke andre hendingar i familien i Juvika.

  • Like eins går det når Per på Håberg «slit sund» magen, blir arbeidsufør og døyr.

  • Når Blind-Anders øydelegg synet med varm tjære så han blir permanent blind.

  • Når ramma for den klassiske scena med Odin og Lauris på båtkvelvet er spanskesjuka i 1918.

  • Når handlinga i «Ragnhild» får ei anna retning etter at sonen Hallvard rømmer og blir alvorleg sjuk.

  • Når uønska graviditet endrar eller bestemmer den vidare handlinga i fleire av romanane.

Det er fleire andre eksempel. Det hadde vore interessant om ein litteraturvitar kunne studert korleis Duun har brukt helseproblem, sjukdom, ulykker og død som litterære verkemiddel. Mitt inntrykk er at litteraturen hans hadde vore atskillig fattigare utan desse verkemidla.

Jostein Holmen